Om oss

Haugsvær Auto AS har drive sidan 1991, med satsingsområde bilverkstad, bilberging og understellsbehandling, i tillegg til drift av Statoil-stasjon.

Rundt 1998 vart understellsbehandlinga lagt ned. Bedrifta utvikla seg vidare på biloppretting, lakkering og diverse serviceutstyr på verkstaden, og bergingsoppdrag med lett- og tungbergar.

Frå 2005 vart drivstoffstasjonen lagt om til Statoil 1-2-3-automatstasjon.
Bedrifta knytta seg til Meca-kjeden.

Frå hausten 2012 er satsing på redningsteneste basert på oppdrag for lettbil.
Vidarefører oppgradering av verkstaden - utstyr og lokale - nytt ordresystem.






"Vårt mål er å utføre ein jobb og levere eit produkt ut frå kunden sitt ønskje."

Verksmeister: Jon Steinar Haugsvær