Om Haugsvær Auto AS

Haugsvær Auto er ein offentleg godkjent bilverkstad i MECA-kjeden, lokalisert tett ved E39.  

Kontakt oss

Vårt mål er å utføre ein jobb og levere eit produkt ut frå kunden sitt ønskje.

Haugsvær Auto AS har drive sidan 1991, med satsingsområde bilverkstad, bilberging og

understellsbehandling, i tillegg til drift av Statoil-stasjon.

Rundt 1998 vart understellsbehandlinga lagt ned. Bedrifta utvikla seg vidare på biloppretting, lakkering og serviceutstyr på verkstaden, og bergingsoppdrag med lett- og tungbergar.

Frå 2005 vart drivstoffstasjonen lagt om til Statoil 1-2-3-automatstasjon (seinare Circle K). Bedrifta knytta seg til Meca-kjeden.

Frå hausten 2012 er satsing på redningsteneste basert på oppdrag for lettbil. Vidarefører oppgradering av verkstaden - utstyr og lokale - nytt ordresystem.

Pr i dag fortset vi det gode samarbeidet med Meca-kjeden innan verkstadtenester, med forsikringsselskapa innan bilskade og ikkje minst innan veihjelp for Viking og REDGO.  Me har utvida uteområdet vårt for å betre parkeringstilhøva, og me satsar stadig på investeringar som held oss oppdatert innan bilteknologi, maskiner, utstyr og programvare.  Me er no også sertifisert Elbil verkstad.