Om Haugsvær Auto AS

Haugsvær Auto er ein offentleg godkjent bilverkstad i MECA-kjeden, lokalisert tett ved E39.  

Kontakt oss

Vårt mål er å utføre ein jobb og levere eit produkt ut frå kunden sitt ønskje.

Haugsvær Auto AS har drive sidan 1991, med satsingsområde bilverkstad, bilberging og

understellsbehandling, i tillegg til drift av Statoil-stasjon.

Rundt 1998 vart understellsbehandlinga lagt ned. Bedrifta utvikla seg vidare på biloppretting, lakkering og serviceutstyr på verkstaden, og bergingsoppdrag med lett- og tungbergar.

Frå 2005 vart drivstoffstasjonen lagt om til Statoil 1-2-3-automatstasjon (seinare Circle K). Bedrifta knytta seg til Meca-kjeden.

Frå hausten 2012 er satsing på redningsteneste basert på oppdrag for lettbil. Vidarefører oppgradering av verkstaden - utstyr og lokale - nytt ordresystem.

Pr i dag fortset vi det gode samarbeidet med Meca-kjeden innan verkstadtenester, med forsikringsselskapa innan bilskade og ikkje minst innan veihjelp for Viking og REDGO.  Me har utvida uteområdet vårt for å betre parkeringstilhøva, og me satsar stadig på investeringar som held oss oppdatert innan bilteknologi, maskiner, utstyr og programvare.  Me er no også sertifisert Elbil verkstad og Miljøfyrtårn.

Vi har døgnvakt på redningsbilen. Godkjent av Statens veivesen